Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Blackburn Rovers v Cardiff City
Opprettet 10/10/2026 5:15:04 PM
Sist oppdatert 10/10/2026 5:15:04 PM
Pettersen83 skrev:
2-1...Helt åpent der bak...
Fleire strukturelle feil i forkant av reduseringa. I store delar av kampen har Cantwell og Gudjohnsen venta kring midtstreken. Resten har ligge i to kompakte firarar. Noko som har skapt lite farlegheiter frå gjestene.
Frå starten av andre har Morishita slått seg med slik at dei har stått tre sånn nokolunde halvinteresserte midt inne på Cardiff sin halvleik for å hindre pasningar gjennom ledd.
Men på skåringa var både Morishita og Morsy offensive i markeringa i tillegg til Cantwell og Gudjohnsen. Cardiff slår langt, McLoughlin i duellen, Carter blir ballkåt og går inn i duellen for så å overlate Robinson som beveger seg inn i hans sone og får ei enkel oppgåve åleine med Toth.
Det eg meiner... med 2-0 og eit ballkåt lag som trillar ball djupt inne på sin defensive halvleik... la dei få lov. Tullete å stå med fire offensive markeringar når ein har hatt så god kontroll på kampen fram til den situasjonen. No tippar eg det blir langt meir ope.
Du må være innlogget for å svare