Sv: Hvis vi rykker ned…
Opprettet 4/19/2026 6:05:37 PM
Sist oppdatert 4/19/2026 6:05:37 PM
Sasha_ skrev:
Hvor stor sjanse er det for at Wankers selger oss?
Magekjensla mi seier ca 0% sannsyn. Med det sagt har eg like lite trua på nedrykk. Coventry-kampen var kanonbra med ei lagoppstilling som eg i mitt stille sinn ikkje hadde levna ein sjanse. Men jaggu beit ein godt ifrå seg.
Oxford har Millwall som kjempar om direkte opprykk og Wrexham som vil nå play-off - i tillegg til dei fortapte uglene som har tre kryss på rad. Oxford kjem til å gå ned.
Det same gjer Leicester, som har Hull som knivar med Wrexham om siste play-off-plass i tillegg til Millwall. Når siste serierunde sparkast i gang på Ewood trur eg Leicester allereie er klare for League 1. Og der taper dei så det synger, i solskinet, i ein festkamp der vi truleg tek avskjed med halve laget og O'Neill.
Du må være innlogget for å svare