Sv: Sv: Sv: Millwall v Blackburn Rovers
Opprettet 3/13/2026 5:37:12 PM
Sist oppdatert 3/13/2026 5:39:22 PM
Har Rovers det som trengs?
Keeperplass - Toth og Pears. OK.
Høgreback- Alebiosu
Stopparplass: Carter, Cashin, McLoughlin, Wharton
Venstreback: Pickering/Cashin
Høgrekant - Morishita
Sentral midt: Forshaw, Cantwell,
Venstrekant - Dapo/Ribeiro
Spiss - Ohashi, Jørgensen
Når landet ligg slik det gjer så meiner eg det er betre å gje full pupp med dei beste ein har tilgjengeleg - så lenge som dei held. Å spare seg til fant med å byte ut Forshaw med marginal leiing eller når måltavla er lik, for så å byte seg ned og tape eitt/to/tre poeng er ikkje etter min smak.
Eg vil heller sjå dei beste spelarane stå kampen ut og sikre poeng framfor 60-70 minuttar med god innsats som resulterer i 0 poeng etter at vi har bytt oss ned - eller at ein startar kampar med rotasjonsspelarar der ein kjem skeivt ut frå start for så å kaste innpå tyngre skyts som må kjempe i motvind for å prøve jage eit resultat.
Og forresten, skubb heller Cashin opp på midten om Forshaw er nøydd å kaste inn kluten. I mine auger er diverre vår beste spelar ein leigesoldat. Montgomery eller Baradji er ikkje løysinga. Pickering er heil ved på venstreback. I troppen er stopparplass der vi er best skodd. De Neve har eg avskilta for lengst. Og yngre spelarar som t.d Montgomery held ikkje nivået.
Innkasserer ein 8-9 poeng på dei neste fem kampane, der ein på papiret møter tøffare motstand enn vi har møtt dei fem føregåande - med våre beste tilgjengelege, kan ein senke skuldrene og gå inn i den siste månaden med meir rotering av spelarar. Kanskje vil det falle ifrå ein eller to til skadar, men då har ein verkeleg prøvd.
Går det ikkje, så går det ikkje. Men slik som laguttaka har vore dei siste par kampane tykkjer eg ikkje ein kan seie at ein verkeleg har prøvd.
Du må være innlogget for å svare