Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sommervinduet 2026
Opprettet 9/4/2026 8:31:36 AM
Sist oppdatert 9/4/2026 8:31:36 AM
Gode tankar! Det har bekymra meg, og forsåvidt irritert meg at det er så tomt på tribuna. For all del, eg er ingen fan av Venkys, men det er slik stoda er og den vert nok slik ei stund til. Skal vi gjere oss attraktive for evt andre også, så må ein mellom anna engasjere seg og møte opp. Dessverre, og til ein viss grad forståeleg, så er bitterheten djuptsitjande. Eg håpar det snur.
Laget er jo ikkje så halv gale, om alle hadde vore i live og friske, men dessverre er det mange gode spelarar som sit meir på sjukestova enn på bana. Er dei alle verkeleg så skjøre, eller har vi eit medisinsk apparat som har gått i lære hjå Durek Verrett? Om vi hadde klart å halde dei aller fleste oppegåande så er vi jo eit lag som på ein god dag kan lukte på ein kvalikk, og på det jamne burde lege frå rundt 8-12 plass. Universet er jo mentalt, så mykje handlar jo om akkurat det. Få inn litt sjølvtillit og så kan vi overprestere, sjølv med halve laget ute. Ein må klamre seg til dei halmstråa ein finner... Men eg håpar verkeleg at vi klarer å få inn litt meir rutine og dugleik i laget, og det asap. Litt urovekkande at det framleis ikkje er gjort med omsyn til at dei som er på fri transfer har vore det ei stund...
Men oppi alt, med alt som ikkje går vår veg på overgangsmarknaden m.m. så er eg jaggu glad for at vi har Mowbray. Eg hadde ikkje bytta han ut med Messi. Han er gull verdt med omsyn til å navigere oss igjennom det landskapet vi befinner oss i. Venare type skal ein leite lenge etter. Om eg skal kjøpe meg drakt så trur eg det vert med Mowbray på ryggen.
Du må være innlogget for å svare