Sv: Sv: TV-kamp: Blackburn Rovers v Preston North End
Opprettet 2/19/2026 6:55:08 PM
Sist oppdatert 2/19/2026 6:58:45 PM
Pettersen83 skrev:
Leicester og PL har anket Leicester din seks poengs trekk. Det kan virkelig bli avgjørende...
Tja. Å sjå seg over skuldra eller krysse fingrar for andres ulukke tykkjer eg blir for defensivt. Det som skjer, det skjer. Blackburn skal klatre nok til at uavhengig av poengtrekk eller ei for Leicester så landar ein sesongen på trygg grunn.
Ikkje kan eg verken jus eller revisjon, men har inntrykk av at seks poeng er "heldig" utifrå ulike artiklar som har nemt at dei kunne risikere inntil 12 poengs trekk. Gråsone og smotthol er vel det advokatar veit best å utnytte, men eg forstår det slik at Foxes har ei dårleg sak, og at dei har vore for seine med rapportering om eg har forstått det rett? I så tilfelle, er det gjort med viten og vilje?
Full forståing for at dei prøvar avgjersla, men magekjensla seier at den blir ståande - viss ikkje det i verste fall blir dykka djupare nedi tala og blir funne skjulte/manipulerte utgifter som stiller dei i enno dårlegare lys med resultat i ei enno strengare straff.
Den tragiske helikopterulukka med dødeleg utfall, feilslåtte investeringar, høge lønningar, masseflukt etter nedrykk med mange gratisovergangar. Mørke skyer over klubben i lange tider. Prisen for det som skulle ha vore gamal moro, ein fest som tok slutt for ti år sidan. Trist skjebne uansett med Leicester. Ein er alle si eiga lukkes smed.
Du må være innlogget for å svare