Sv: Sv: Sv: Sv: Blackburn Rovers v Hull City
Opprettet 2/1/2026 12:36:04 AM
Sist oppdatert 2/1/2026 12:36:04 AM
Mot Hull som klatrar til 3. plass etter dagens kamp.
Ser ein nærmare på tala frå kampen så er det ikkje så hakkande gale med 0-1 når botn møter toppen.
Den i hovudsak største skilnaden er eit bortelag som evner å forsvare seg.
60 pasningar fleire i lengderetning, 24 fleire innlegg, 49 fleire vellukka pasningar på siste tredjedel.
Hull derimot med 18 fleire klareringar.
0p Hull, 3p Sheff Wed og så er vi brått to poeng framfor skjema i min spådom om at 47 poeng vil rekke for å halde seg.
Ser ein lenger fram i tid med Norwich som tapte denne runda, QPR som vekslar mellom siger, poengdeling og tap, Preston som har tre strake tap (fire med Wigan i cupen), og Bristol City som har 3-1-4 på siste åtte i serien (siger mot botnlaga Sheff Wed, Portsmouth og WBA) - 1 (uavgjort mot Oxford) - 4 tap... så er det ikkje utenkeleg at det blir delt ut godt over eitt poeng i snitt dei neste fem kampane.
Eg skyt frå hofta og melder ni poeng på dei neste fem kampane.
Det mest prekære som må på plass er, som Val indikerer, ein angripar som evner å vere på rett stad til rett tid, og som klarar å omsetje sjansar til skåringar.
Det er strengt og lettvint å forsegle lagnaden for sesongen etter dagens kamp som ikkje var heilt borti natta dersom ein studerer tala.
Du må være innlogget for å svare