Status etter omtrent ein halv sesong?
Opprettet 1/14/2023 4:03:38 PM
Sist oppdatert 1/14/2023 4:03:38 PM
Jon Dahl Tomasson - status etter omtr3nt ein halv sesong...?
Eg har sjeldan sett Blackburn meir ustabile, planlause og til tider tafatte enn denne sesongen her. Tabellen lyge også veldig mykje, for i mange av sigerane har vi rett og slett vore heldige og / eller hatt ein kaminski som har holdt oss inne i kampane åleine... Vi har sjølvsagt hatt nokre uheldige poengtap også, men JDT har på ingen måte fått noko ut av potensialet i stallen. Manglar vi bredde / kvalitet i enkelte ledd? Ja, absolutt. Men slik vi framstår så hadde nok ikkje det hatt noko å seie..
JDT framstår som generelt taktisk svak og er berren nok eit eksempel på at ei relativt stor karriere ikkje betyr at ein har noko å gjere som manager på dette nivået.
Eg kan ikkje sjå at han har tilført oss noko som helst så langt. Ingenting. At vi framleis på død og liv skal spele oss ut bakfrå, gang på gang, halde ballen alt for lenge i laget og spele oss gjennom som om vi var Barcelona blir betre meir og meir latterlig....
Tippar omtrent halvparten av måla imot har kome etter vi har mista ballen i eit forsøk på å spele oss ut bakfrå.. Enkelte gonger fleire gonger i same kampen uten at JDT gjer endringar i kampplan....
Eg huskar at eg sat godt planta i sofaen, på jobb, lettare sjokkert og noko skuffa og snudde meg mot kollegaen min og sa:
"ka faen? Nei, ka? Off..Jon Dahl Tommason? Er det alt vi får tak i no"
då det vart bekrefta at JDT var ny manager i Blackburn.... Kan vel omtrent seie det same i dag, og ingenting så langt har overbevist meg om at det var eit riktig og godt valg....
Overbevis meg gjerne om noko anna...
Du må være innlogget for å svare