Ei lita oppfordring til alle :)
Opprettet 6/26/2017 7:57:15 PM
Sist oppdatert 6/26/2017 7:57:15 PM
Hei, eg har ikkje vore medlem på nokre år / sesongar no men har ofte vore innom for å lese både nyhende og forumtrådar (spesielt då rykter o.l). Trist nyheit vedrørande medlemsbladet eg las i dag, men fullt forståelig slik situasjonen er.
Sjølv om det ikkje vert medlemsblad framover så tok eg meg sjølv i nakken og meldte meg innatt i supporterklubben i dag! Bestilte også familiemedlemskap til fruen, dattera mi, og ho som kjem i oktober :)
Vil gjerne oppfordre fleire til å gjere det same, for sjølv om det ikkje vert medlemsblad så kostar det å drifte BRSCN - og det siste vi ønskjer er vel at også nettsida skal ryke!?
Så meld deg inn i supportarklubben, og meld inn heile familia di (sjølv om din betre halvdel før du traff ho/han vart manipulert av sin far til å halde med eit anna lag).
RTID
Du må være innlogget for å svare