Så vart altså Michael Appleton sparka. Det er relativt håplaust, og kanskje mest fordi at den neste som får 60 dagar i Rovers blir tilsett av Shebby Singh. Så lenge det er ein intern krig mellom Shagnew og Singh om kven som skal få massere beina til Mrs. D er Rovers dømt til å mislykkast. Shaw og Agnew er nokon store idiotar, men eg lurer på om ikkje den malaysiske fotballstorheiten Singh er endå verre. Eit stort ego med null intelligens har liksom aldri vore trikset.

Dessutan har Nuno Henrique meldt seg på (han er altså ekte!) og fortalt at Appleton øydela klubben, medan David Dunn har stilt seg kritisk til sparkinga og understreka at klubben endeleg var på rett veg igjen. Gary Bowyer har sagt at han fekk sjokk då han høyrte om det og er sikker på at Appleton kjem til å lykkast på høgaste nivå. Det einaste som er sikkert er at Henrique er ein ’local lad’ som nyt stor respekt i spelargruppa grunna sine sterke kjensler for klubben og at han i alle fall ikkje har nokon som helst kopling til mr. Singh.
Team GB
Heldigvis har vi allereie nemnde Gary Bowyer i klubben. I den utdrivinga Kean og co. førte mot all kompetanse i klubben var det ein mann som gjorde så lite ut av seg at han vart spara. Fint er det, sidan vi no er avhengige at nokon styrer oss til fornya kontrakt. Sist gjekk det veldig bra, 10 poeng på fire kampar (berre synd at den dårlegaste var den TV-sende). Spelarane likar i alle fall Gary, og Gary er ein bra fyr.

Den beste nyheita før kampen mot Blackpool (forutsett at du har fått med deg at Paul Ince er blitt manager for Blackpool) er at skadesituasjonen er litt mindre gal enn sist. Kaz er aktuell, King er klar, Lee Williamson er friskmeldt og David Bentley blir også testa fram mot kampen. Henley, Orr, Etuhu, DJ og Paul Robinson er framleis skada.
Laget vårt kan bli:
Kean
Kane – Hanley – Dann – Olsson
Kazim – Jones – Lowe – Dunn
Best – Rhodes
Paul Ince
Vi veit alle kva Ince skreiv på den der notatblokka si. Det er eit relativt sikkert teikn på at han aldri vil bli ein dugande manager. No skal han få prøve seg i Blackpool. På dei første seks kampane har han kun vunne 1 og ligg dermed fint an til å føre klubben nedover i ligasystemet.

Med seg har han heiderlege Matt Derbyshire som har lova å ikkje feire mål mot Rovers, men heldigvis kjem ikkje den problematikken til å gjere seg gjeldane. Mindre heiderlege Barry Ferguson er ikkje sikker på om han rekk kampen. Blackpool si offisielle side melder om ein hovudskade (vel dokumentert over fleire år, om du spør meg) og elles unormalt våte tårekanalar. Ince jr. derimot, han må vi passe oss for. 18 mål i år, 11 på bortebane. Men streng tatt; vinn ein ikkje mot eit lag styrt av Paul Ince vinn ein sjeldan fotballkampar.
Kampen startar kl. 16.00. Du kan følgje den på radio eller twitter.