Preview: Bolton v Blackburn Rovers
Opprettet 3/5/2013 9:41:53 AM
Sist oppdatert 3/5/2013 8:45:01 PM
Å setje halen på grisen hugsar du sikkert frå eit og anna barneselskap (alternativ variant: setje halen på eselet). Michael Appleton var kanskje svimeslagen etter den horrible førsteomgangen på Peterborough, men han slapp å famle rundt i blinde. Intervjukommentarane (kven veit kva som vart sagt i garderoben!) var rett og slett så krasse som dei måtte vere, og sette nok ord på mykje av det mange fans har tenkt den siste tida. Er spelarane verkeleg villige til å blø for drakta? Og sjølv om Appleton ville ha bytta ut 6-7 spelarar i pausen, så var ikkje det dumt å plukke ut den sjukt middelmådige Orr og loffaren Murphy. Ikkje eit vondt ord om landstrykarar, men når du tilfeldigvis får mange millionar for å møte opp på Ewood Park kan du gjerne legge for dagen eit ærleg arbeide.

Så var det det der med ord og handlingar. Sjølvsagt hjelper det lite å snakke om det ikkje vert følgt opp av knallharde avgjerdsler. På kort sikt kan dette vere å vrake ein og annan slappfisk, men det er sjølvsagt på lengre sikt ein lyt rette på dei tusen feila som Kean og Venkys har påført oss. Appleton kan verkeleg vere mannen som gjennomfører den varsla eksorsismen! Når det er sagt, tre x tre poeng i dei tre kommande derbykampane (Bolton, Burnley, Blackpool) samt avansement til semifinale i cupen hadde definitivt lega nokre sår, det. Første bøyg er kveldens kamp mot Notlob.
Rovers
Blant andre frustreande elemenen inngår skadsituasjonen i klubben. Kampklare er ikkje Best, King, Kazim Richards, Williamson, Olsson, Dunn (og Etuhu). Det er i alle fall seks spelarar som alle ville ha vore aktuelle for ein plass frå start. At Paul Robinson forfølgjer draumen sin om å vere teppeseljar er mindre viktig sidan Jake Kean gjer den eigentlege jobben hans betre, men at den skjeggete franskmannen har fått hang-up på hangman er litt upassande. Sjølv om han kjem frå landet som dyrkar petite morts kunne han heller enn å henge seg vurdere å gjere seg kampklar. Det er sikkert nokon i familien din som kan pusse skoa og vaske shortsen din Gael, for så lenge Olsson er ute og Rekikikikiki er såpass dårleg kunne det faktisk vere bruk for deg på venstrebacken.

Frå ei meir positiv side kan ein melde at David Jones hadde litt av eit innhopp i andre omgang – MoM mind you – og er klar til å fylle skoa etter namnebrørne Phil og Jermaine. Go son!
Eg forventar at dette blir laget (og at Appleton går for 4-4-1-1):
Kean
Henley – Dann – Hanley – Rekik
Bentley – Lowe – Jones – Stewart
DJ Campbell
Rhodes
Bolton
Det har ikkje gått stort betre med Bolton enn med oss. Særleg var starten på sesongen forferdeleg, og Owen Coyle var overraskande nok ikkje den trollmannen har vart portrettert som av Alan Nixon. I oktober var det slutt, og Dougie Freedman tok over. I den første heile månaden han styrte tapte faktisk ikkje Bolton, men desember og januar vart litt tråare. No har dei dessverre funne flyten att, og har ikkje tapt på dei siste seks. Når det gjeld laget til kampen mot oss er det mest spenning knytt til om keeper Bogdan blir klar. Ein muskelskade gjer at han må testa heilt inn mot kampstart.

Mark Davies er langtidskada og Super-Keef er på veg til ein ekspert på akilleshælar. Det han ikkje veit er at Keith har såpass mange akilleshælar at det nok kan bli vanskeleg å gjere alle bra.
Laget kan bli:
Bogdan
Dawson – Ricketts – Knight – Alonso
Eagles – Spearing – Pratley – Lee
Ngog – K. Davies
Kampen startar kl. 21.00 på Reebok Stadium. Måtte Rovers bli det første laget som tuktar Bolton på eige gras i 2013. Den går sjølvsagt ikkje på TV, så radio og Twitter er sjansane du har.
Up the Rovers!
Du må være innlogget for å svare