Rovers - Peterborough
Opprettet 3/2/2013 12:19:41 AM
Sist oppdatert 3/2/2013 12:19:41 AM
Einaste tre poeng er godt nok. Sjølv om sesongen synast å renne ut i sanden må Rovers vise seg frå ei god side mot Peterborough. Og det burde i alle tilfeller ikkje vere noko problem. Kvifor ikkje, spør du? Vel. Vi har spelarar av eit anna kaliber enn The Posh (århundrets teitaste kallenamn?), Michael Appleton har prenta inn av han ikkje likar spelarar som synd på seg sjølv, og det er trass alt berre 7 poeng opp til den der fordømte sjetteplassen.
Det starta veldig fint under Appleton. Spelarane responderte umiddelbart på hans instruksjonar, og i tillegg har det blitt gjort ein solid innsats for å bygge opp att klubben etter herjingane dei siste åra.

Då måtte vel berre tilbakefallet komme? Til dels mot Leeds, og særleg mot Hull og Leicester fungerte ikkje ting. Forsvarsmessig var det litt tilbake til gamle synder og framover skjedde det fint lite. Appleton har såleis ein jobb å gjere, og skal han bli ein managersuksess lyt han også vere i stand til å utvikle eit lag sine offensive kvalitetar. Det skal likevel seiast; Rovers har vore veldig uheldige med skadar den siste tida. Kanskje særleg frustrerande var det at nyinnkjøpte Lee Williamson har blitt sendt inn til David Fevre og co. Midtbana har vore svak i fleire sesongar no og Williamson er mest truleg ikkje svaret, men han såg då ut til vere i stand til å prege kampar meir enn Jason Lowe.
Rovers
Kaz, King, Dunn, Olsson mk1, Williamson, Etuhu og mest truleg Best er ute. Det er rett og slett litt for mange skadar. The App har – etter seiande – prøvd og prøvd å få inn dugande erstattarar (på kort tid) gjennom lånemarknaden. Om han har lukkast gjennom lånet av Cameron Stewart er ikkje heilt sikkkert, men ein ving med fart kan kanskje vere noko. Det burde likevel dukke opp ein sentral midtbanespelar også. Det vert kviskar om David Jones frå Wigan og det er sikkert ikkje så dumt. Ein kan ikkje vere anna enn pragmatisk om dagen.

To spelarar som gjerne kan vise seg fram i morgon er David Bentley og DJ Campbell. Når Rhodes har hatt ein liten downperioden må andre trå til. DJ burde ta nivået, og det burde strengt teke Bents også.
Om eg fekk bestemme ville det bli:
Kean
Orr – Dann – Hanley – Henley
Bentley – Murphy – Gamst – Markus Olsson
DJ Campbell – Rhodes
Heldigvis er det ikkje eg som bestemmer og laget blir sikkert mykje betre komponert.
Peterborough
Sidan sist – den kampen Berg vann, veit du – har Posh gjort det litt betre. Dei har gått frå å vere dømt til eit sikkert nedrykk til å vere med i kampen for å overleve. Det er sikkert ein grei prestasjon det, men det er fare for at dei får sitt tredje tap på rad i morgon.

Peterborough er rett og slett eit lag utan profilar, utan særleg mykje charme og med ein manager som ikkje har plukka opp altfor mykje frå far sin. Dei ryktast å vere glade i å halde ballen i laget, men manglar evna til å gjere særleg interessante ting med den.
Det er med andre ord duka for ein blå og kvit kveld. Kanskje er 3-0 eit passande resultat? Up the Rovers!
Du må være innlogget for å svare