Preview: Blackburn Rovers vs Bristol City
Opprettet 2/1/2013 11:27:14 PM
Sist oppdatert 2/1/2013 11:27:35 PM
Det burde vel eigentleg ikkje overraske nokon at det ikkje gjekk som det burde i januarvindauget. At siste rest av Balkan-banden vart sendt ut i vinternatta og den nye Andy Cole lånt ut til Rotherham er heilt greitt. Litt skuffande var det at Rochina banka på døra til Appy og bad om ein sydenferie, men han kan sikkert ha godt av å prate litt fotball med Charter-Svein. At papirarbeidet ikkje vart gjort i tide er hakket verre, og får ein til å lure på kva arbeid Team Shagnew eigentleg gjer for den lønna dei hevar. Heldigvis har eg satsa mine pengar på Appleton.

Ein veit sjølvsagt aldri i fotball. Det er likevel lovande det Appy har starta opp i Rovers. Det er i det store og heile ein no-nonsens tilnærming vår eigen gode Lord Voldemort legg til grunne for sitt prosjekt. Analysen av spelarstallen sin enorme ubalanse var sjølvsagt ikkje betre enn den kloke fans har uttrykt i lengre tid. Men talk is cheap. Det som verkeleg gjev grunn til framtidsoptimisme er det at Appleton synast å i ei handsrekning har fått på plass både defensiv struktur og lagmoral. Det tydar på at han klarar kommunisere med spelarane, at dei trur på han og at beskjedane når igjennom. Mest truleg (jepp, eg er ein hjelpelaus optimist) har han også det ein på godt norsk omtalar som tactical awareness og han synast å legge til grunn ein pragmatisk fotballfilosofi. Lakmustesten er sjølvsagt at det vert snakka om kjedeleg fotball og eg trur faktisk eg såg eit eller to innlegg om dette på det engelske forumet etter 3-0-slakten av Derby. ’Appy times ahead!
Bristol City
Hadde det vore bortekamp burde Rochina ha venta med den sydenferien. Lekre Bristol er ein av dei få byane i England som ikkje er stygge. Det er ikkje reint lite å slå i bordet med. Heldigvis er ikkje fotballaget særleg skarpt.

Etter eit par altfor gode resultat i august starta nedturen som tok dei heilt til botnen i ligaen. Dessverre medførte dette managerbytte, og dessverre hadde Nottingham kvitta seg med Sean O’Driscoll. Derfor har Bristol City vunne sine to siste kampar, og derfor uttaler spisstalentet Sam Baldock følgande:
- Attention to detail is a big part of the new regime. We’re having more meetings and analysing opponents a lot more than we were. Everyone has bought into the gaffer’s methods.
- We are a lot more focused on the pitch in terms of our jobs and the threats the opposition can cause.”
O’Driscoll har levert varene (dvs. opprykk med begrensa midler) i både Bournemouth og Doncaster, men var vel ikkje eit attraktivt nok namn for dei nye eigarane i Nottingham Forest. Klarar han styre Bristol til fornya kontrakt fortener han gratis festivalpass til byens årleg ballongfestival (for den som går med ein ballongdraum i magen går festivalen av stabelen 8.-11. august). 2-1 mot revitaliserte Ipswich og 2-0 mot opprykksjagande Watford er ekkelt, men kveitebrødsdagane sluttar mot Rovers. Kanskje får vi eit gjensyn med Jon Stead i morgon? Den store spelaren til Bristol heiter Albert Adomah, men han er trivleg nok på tur til Afrika-mesterskapet.
Rovers
Josh King er ute i 6-8 veker, Etuhu er framleis skada og Dunn plukka opp eit ein av sine tusen ulike plager på trening her om dagen. Leon Best er i full trening, men ikkje kampklar. Men litt mannskap er framleis om bord. Det store spørsmålet er vel knytt til om Bradley Orr får gå rett inn på laget. Ingen særskilt populær type denne Bradley, men han held vel omtreng nivået i Championship.

Det er ikkje så mange igjen å ta ut på laget, så det blir vel omtrent slik:
Kean
Orr – Dann – Hanley – Olsson
Gamst – Murphy – Lowe – Olsson
Kazim Richards – Rhodes
Resten av den skadefrie troppen sitt på benken. Kanskje blir det plass til ’young Steven Gerrard’ Robbie Cotton?
Gi meg tre poeng og ei småfrekk målfering av Kaz!
Kampen kan du høyre på Radio Rovers. Du kan kjøpe tilgang til denne for resten av sesongen for ein slikk og ingenting og få med deg intervju med både Appy og Darren Moore og sjå Leon Best på treningsrommet. Løp og kjøp!
Du må være innlogget for å svare