Wolverhampton Wanderers VS Blackburn Rovers @ Fredag 20:45
Opprettet 1/11/2013 11:31:41 AM
Sist oppdatert 1/11/2013 11:31:41 AM
Michael Appleton blir altså vår nye sjef. Eg hadde tenkt å starte dette previewet med eit par syrlege merknader om at 2013 også vert dei snauskalla mennene sitt år. Henning Berg, Ståle Solbakken og kortfilmen ”Skallamann” var blant våre eksportvarer i 2012. Men det er liksom ikkje så morosamt lenger. Dei siste rapportane frå Delap, Kamy og Glen Mullan seier at tilsetjinga skjer direkte frå India og at verken Shebby eller Team Shagnew står bak. Appleton på si side har ei historie fylt med skifte av agentar. For to veker sidan skal han ha skifta att. Det siste ryktet seier at det var Kentaro han skifta til. I så tilfelle er situasjonen så mørk som den kan bli. Sirkus Rovers er avlyst. Det går i beste fall berre ein trist klovn rundt i manesjen.

Sett vekk frå dette kan det jo vere at Appleton kan bli ein suksess. Han har ikkje særlege gode resultat å vise til og er vel heller ikkje særleg erfaren. Eitt og anna godt skussmål får han likevel. Høyr berre her! Og strengt tatt bør han vere dynamitt. Spelarane synast nemleg å ha likt seg veldig godt under leiinga av Gary Bowyer. Han synast å nokså mirakuløst ha tilført både sjølvtillit og godt humør i spelargruppa. Og han fekk jo oppgåva å leie Rovers ut januar. Og for ein månad det kan bli. Vi har fire heimekampar på rappen i serien. Skal vi verkeleg melde oss på i kampen om opprykk bør vi minst ha 8 poeng i desse, aller helst 10. Og medan Bowyer har ein sigersprosent på 100, kan Appleton berre skilte med 23.
Wolves er dagens motstandar. Det burde kunne gå i vår favør. Sjølv om Solbakken kanskje ikkje gjorde ein kjempejobb har heller ikkje spelarane kjempemykje å vere stolte av. Det kan sjølvsagt vere at dei responderar på det at Dean Saunders har teke over. Eg har vanskeleg for å sjå at Saunders kan vere noko særleg til manager, men merkelegare ting har skjedd før enn at eg tek feil. Saunders var i alle fall spissen som alltid heada med tunga ute. Men i Tyrkia lærte Dean å avvenne seg med uvanar. Sjå berre dette intervjuet!
Tunge eller ikkje tunge, Saunders skal få det vanskeleg i kveld. Gary B har planar om å slutte av med stil, og spelarane kjem til å vere ”skrudde på”. Kane er henta inn på lån sidan Henley er ute med skade, og kan godt gå rett inn på laget. Det ville ikkje vere så dumt, sidan det synast som om Lowe og Murphy har funne ein slags fungerande balanse på midten der. Ein deppar verkeleg ikkje over at Dickson er ute med skade. Ute med skade er også Leon Best og Paul Robinson. Givet er i fysisk fin form, men ikkje heilt klar likevel. Heldigvis er det fleire andre som har fått skikk på seg sjølv. Dann og Hanley har klart å halde nullen i godt kompaniskap med keeper Kean. Murphy har omsider stått fram med rutinen sin og Kazim og Joshua er både målfarlege og konstante uromoment. Rochina har øvd seg litt på å sentre og Rhodes held fram som før. Det burde derfor bli dette laget (ikkje la deg forstyrre at namna Kean og Kane!):
Kean
Kane – Hanley – Dann – Olsson
Lowe – Murphy
Kazim – Rochina – King
Rhodes
Og det burde bli tre poeng!
Kampen startar kl. 20.45. Du ser den på TV!
Du må være innlogget for å svare