Boro - Rovers
Opprettet 12/26/2012 11:25:19 AM
Sist oppdatert 12/26/2012 11:25:19 AM
O’ fotballglede, kvar gøymer du deg? Ein bortekamp mot Middlesbrough kunne framstå som ein fin utfordring det. Etter å ha rykt ned frå det gode selskap bretta samtlege opp ermene. Rovers skulle tilbake dit dei høyrde heime, og velmeritterte spelarar skulle vise at 16-18 månadars misere i hovudsak var det elendige managerkreket si skuld. Vel, dei siste kampane har dei vore ei pinsle å følgje. Den andreomgangen mot Blackpool var blant det verre eg har sett.

Dei skeptiske røstene kan synast å få rett i at det var mindre klokt å gje den mindre rutinerte (og som manager mindre merriterte) Henning Berg jobben med å føre Rovers tilbake til toppen. Det er sjølvsagt for tidleg å felle nokon dom. Eit januarvindauge med sjansar til å sende ut latsabbar og hente inn friske bein må til. Men det såg ikkje akkurat ut som om spelarane hadde veldig tru på det dei dreiv på med sist kamp. Ver vennleg å vise kvifor du er rett mann for jobben, Henning! Er det fordi du er tilfører dei ekstra nødvendige små detaljane? Fordi du er taktisk klok og les kampane veldig godt undervegs? Fordi du motiverer og får ut det beste i kvar enkelt spelar? Fordi du verkeleg veit korleis bygge eit lag på kort og lang sikt? Andre forslag?
Boro
Middlesbrough har ein spesiell plass i fotballhjartet mitt. Gjesp. Det er vanskeleg å ha sympati for eit lag som spelar i raudt og som har hatt Gareth Southgate som sitt viktigaste varemerke. Særleg med antipati er det likevel heller ikkje lett å spore.
Dei ligg på fjerdeplass, med sjanse for opprykk. Dei rundspelte oss på Ewood før i år, og dei har sånn passe bra lag og manager. Dei er også i ein ekkel heimeform, med 5 sigrar på dei 6 siste.

Laget kan komme til sjå slik ut:
Steele
Hoyte – Woodgate – Hines – Friend
McDonald – McEachran – Leadbitter – Smallwood
Jutkiewicz – Emnes
Blir det slik er det fordi enkelte Boro-gutar framleis er ute med spysjuka (eller liknande). Keeper Steele måtte visst spy like før tapet mot Leeds sist, utan at manager Mowbray går med på at det skulle ha noko å bety. Ishmael Miller, Andre Bikey og Nicky Bailey måtte stå over, men kan kome til å spele ei rolle mot oss.
Rovers
Det hadde vore oppløftande om ein kunne seie at mykje ville sjå betre ut med tre poeng på Boxing Day. Ein hyggeleg andredagspresang vil det bli, men ingen ting anna enn ein lengre periode med stigande form og solid poengfangst kan få tilbake trua. Og eigentleg må det skje meir enn berre sportslege betringar, for den nissen frå Malaysia må seriøst ta seg ein bolle. Dei siste kommentarane har vore latterlege, og det ryktast at han skal gjere ein kommentatorjobb saman med Andy Bayes til Boro-kampen. Det vil i så fall ikkje berre verte høgst upassande, men også ein eksess av flosklar som ville gjere ein kvar PT og livsstilscoach stolt!
Stolt kan ein derimot ikkje vere over den siste tidas innsats på bana. Å sjå ein spelar med dei fysiske kvalitetane til Dickson Etuhu laffe rundt på matta utan å setje inn ein skikkeleg takling er berre trist. Venstrebacken til Sverige burde kanskje dominere bittelitt på dette nivået? Innsats liksom, det kan vel ikkje vere så vanskeleg? Og den vrakinga av Robinson kan ein sikkert peike på grunnar for, men skal ein høyre på The Real Salgado (og det skal ein!) så var det ikkje så veldig lurt.

Så eg vil eg ha dette laget:
Robinson
Henley – Dann – Givet – Olsson
Lowe – Murphy
Kaz – Dunn – King
Rhodes
Og skulle det ikkje gå så veldig bra, så kan ein sikkert gjere eitt bytte, eller to?
GOD KAMP!
Du må være innlogget for å svare