Berg’s Blue and White Army
Opprettet 11/23/2012 9:08:52 PM
Sist oppdatert 11/24/2012 12:38:17 AM
Det svingar av Rovers. Kva tid vann vi sist ein kamp med like klare siffer som mot Peterborough? Det kjennest nesten like fjernt ut som minnet om Shabani Nonda. Er du blant dei som meiner han var vår beste lånesignering på ei stund, og drøymde om at Florent Sinama Pongolle skulle bli eitt år til, kan du sleppe jubelen laus. The Ruler’s Back. Joshua King visste ikkje kven Tom Lund var og kanskje er til og med Jay-Z for old-school for Grorud-guten. King ser berre framover, og den framtida blir blå og kvit. Det er sikkert mange andre posisjonar vi kunne ha forsterka, men farten og styrken til Josh har underteikna sakna. Medan den avkledde trollmannen frå Kazim sit på benken og twitter-sutrar, girar King opp to hakk og senkar Millwall framfor eit jublande Ewood Park.

Allereie mot Birmingham vart det klart at vi igjen har blitt eit lag. Frå ein total mangel på identitet, struktur og lagkjensle under svikaren, har Henning Berg nesten som om med eit knips re-etablert Rovers slik vi kjende det. Tidvis har det sett veldig bra ut i det siste, og eg tippar at Berg er den første til å seie at dette berre er starten. Ingen skal sjølvsagt ta noko på forskot, ligaen er eit maratonløp utan like, men humøret og trua på at dette skal gå er tilbake; tilsynelatande både blant spelarar og fans.
Milwall
Millwall synsast å skulde sin relative suksess til ein mann framfor nokon, manager Kenny Jackett. Som spelar var Jackett berre i ein klubb Watford, og fekk seinare sjansen i trenarapparatet der. Som manager og assistent var han med på å føre Watford til to opprykk på to sesongar, men måtte forlate klubben då den velkjende herremannen Vialli kom til klubben. Etter nokre år som assistenten til Holloway i QPR fekk han sjansen i Swansea. Opprykk frå League Two kom på første forsøk, og han etablerte dei i toppen av League One.
I Millwall har det også gått meir eller mindre på skinner. Opprykk til Championship kom raskt, og deretter har det handla om å stabilisere klubben i ligaen. Sist sesong starta trått, men med kun eitt tap på dei ni siste kampane vart kontrakten sikra også for 2012/2013. Fasiten per 23. nov 2012 er 8. plass i ligaen, fattige to poeng bak Rovers. Jackett har faktisk aldri hatt ein sigersprosent på under 40 i nokon av klubbane han har styrt, og Millwall kjem til Blackburn utan tap på dei siste ti kampane. Det dei likevel ikkje veit er at Rovers har gått frå å vere det laget som alle snur sin dårlege trend mot, til å bli det laget som gjer slutt på den gode formen til motstandarane.
Laget i sist kamp var:
Forde
Smith – Shittu – Beevers – Lowry
Feeney – Wright – Trotter – Taylor
Keogh – Wood
Men blant desse er no Liam Trotter ute med skade. Likevel stiller Millwall kanskje sterkare mot oss, sidan den store spelaren førre sesong Nadjim ”Jimmy” Abdou er tilbake. Kvar var Jimmy? Jo, vaksen som han er tok han turen heim til Frankrike for å sjå sitt andre barn bli født. Sikkert eit kjempeboost for mannen med fire landskampar for Komorene. Ikkje verst det, for etter at Komorene lausreiv seg frå Frankrike i 1975 har dei vore vitne til snaut 20 kuppforsøk på øya. Chris Wood er forresten ein annan interessant figur. Han kom frå New Zealand med nærare hundre kilo i bagasjen. Ein tøff motstandar for etter kvart så hyggelege Scott Dann. Viss ikkje han fiksar biffen bør vi sende mannen som går alle movember-hårvokstar ein god dag – Gael Givet – ut på bana.
Rovers
Det er likevel ingen verdas grunn til å ikkje valse over Millwall. Berg vil garanter fryde seg over ”back to back wins” og gir ein ballen eit par gangar til Jordan Rhodes har ein allereie eit godt utgangspunkt. Den avslappa og lette måten Rhodes scorar på får ein leppefuktande skotte til å sitte heime å godstolen og skrike ut: ”den nye Shearer”. Berre så synd at det var Simon Cox du ville ha, medan du gjekk tur med hunden din, Stevie. Berg derimot har integriteten i orden, og synast å vite korleis ein kan få det beste ut spelarane sine. Eit stikkord er Danny Murphy, som i løpet av dei siste kampane har vist seg å vere litt av den spelaren mange hadde håpa på. Det at både farten og det planmessige i angrepsspelet har vore til stades kan sikkert ha litt med saken å gjere. Sjølv om kanskje ein kunne ønske seg litt betre dekning på backplass og kanskje ein verkeleg god sentral midtbanespelar så byrjar laget å sjå bra ut. Dei offensive kombinasjonane som no er mogleg å gjere for Berg og co. kan vere det som vert tunga på vekstskåla i jamne duellar utover vinteren.
Mot Millwall blir det spennande å sjå kva mannskap Berg går inn for. Lowe, Givet og Kazim Richard kan vere klare for dyst igjen, så det er berre ”the usual suspects” Dunn og Best som er ute. Det er dermed duka for reell kamp om plassane, forhåpentlegvis med den effekt at folk framleis er ute etter å imponere Berg.
Etter to kampar medTV-himmel er det på tide benke seg framfor radioen. Her er det langbølgje som gjeld, så få pappa til å skru litt på den Tandberg Sølvsuper’n! Klokka 16.00 norsk tid.
UP THE ROVERS!
PS. Heia Hødd!
Du må være innlogget for å svare