Terrier mot bulldog?
Opprettet 11/6/2012 11:20:38 AM
Sist oppdatert 11/6/2012 11:20:38 AM
Den største overraskinga har lagt seg og dei beinharde realitetane slo Henning Berg i fleisen i første kamp. Kampen mot Huddersfield er ein gylden sjanse til å vise kven som er sjef.
Ball i hatt
November plar vere ein månad der sparking av managerar startar i Premier League. Skriv 30. november og du er plassert i botnen = nedrykk. Championship er litt annleis og for å sikre litt mediadekning starta sparkingsbølga i oktober. Bolton, Burnley og Blackburn ville innføre sin eigen vri på den etter kvart så utslitte stolleiken. Her gjeld det om å verne om sine favorittbitar! Først måtte Steve Kean reise seg. Coyle og Howe heiv seg på. Palace vart ramma ved at Freeman tog toget til Bolton, Blackpool så av Palace flørta Holloway til London og til slutt får vel alle utanom Kean ein ny jobb. Vi fekk Henning Berg, og det er i alle fall sjukt mykje betre enn å ha Martin Andresen som boss.
Bull terrier?
Ein som ikkje vart blanda inn i leiken var sjefen over alle sjefar i Huddersfield, mr. Simon Grayson. Han har gjort sine saker (svært) bra i manageryrket og at han aldri blir den nye Mourinho stiller han seg sikkert likegyldig til. Faktum er at etter å ha øvd seg litt i Blackpool har Grayson levert gode resultat (når sant skal seiast gjorde han det bra i øvingstida også=. At Leeds heller ville gå i kompani med slumrotte-Warnock får stå for deira rekning, for også i Huddersfield leverte Grayson opprykk på første forsøk og synast å kunne vere mannen som stabiliserer The Terriers i Championship. Det blir ein tøff kamp for Rovers!
Godt nytt er det kanskje at både Jermaine Beckford og James Vaughan – dei to beste spissane til Huddersfield – mest truleg er ute med skade/sjukdom. Kombiner dette med at Jordan Rhodes no spelar på rett lag og summen blir i favør Berg og co.

Det er ikkje umogleg at Huddersfield mønstrar desse 11: Smithies; Woods, Clarke, Lynch, Dixon; Clayton, Southern, Norwood, Scannell; Hammill, Novak
Keeper Smithies og forsvaret er av bra sort. Smithies slo gjennom allereie som 18-åring, men har slite med skadar dei siste sesongane. No er han likevel tilbake for fullt, og han har eit forsvar med tilstrekkeleg rutine framfor seg. Framover på bana synast det likevel ikkje å vere altfor mykje krutt, sjølv om Sean Scannell blir raportert om å vere i dugande form. Grayson lovar derimot at terriarane hans skal vere hensynslause!
Great feeling driving back into town!
Emosjonane løp løpsk når Berg rulla Bentley’en sin gjennom the streets of Blackburn sist veke. No blir det buss for tog til Huddersfield og kjenslene på heimvegen bør også vere boblande. Eit tap til vil smake dårleg.
Berg viste vilje til å endre på ting allereie frå starten av. Men særleg bra vart det ikkje. Konstatert beint fram av sjefen sjølv. Vi var søppel, men vi kan betre. Det kan heilt sikkert vere lurt å bruke young un’ Henley og Simon – sist gang sett med maske – Vukcevic. Meir enn alt anna handlar det sjølvsagt om å forme laget, og det tek sjølvsagt tid. Ein kunne tippe at Berg vil spele nokså direkte, men langs bakken og med raske vingar og alt det der. Om vi har mannskapet til det vitast ikkje. På gode dagar tenkjer ein at dette laget kan gå rett opp, på ikkje fullt så lyse haustkveldar er det ordet ‘overvurdert’ som poppar opp.

Forsvaret vårt skulle likevel halde mål, men på midten har det ikkje gått særleg glatt. Murphy har verkeleg ikkje blomstra, og Etuhu har levert blanda drops (rett nok dårlegast saman med Murphy). Lowe har faktisk vist seg tillit verdig når han har vorte brukt sentralt, men er skada. Dunn har også vore frisk, sånn i overført betyding, for speletid blir til skadetid vore gode gamle David. På topp har vel dei fleste fått Kazim opp i vrangstrupa, og skulle Gomes vere klar tippar eg på han. Vår eigen Jan Thomas, Ruben Rochina er definitivt eit anna alternativ i den der hengande rolla.
Det blir kanskje:
Robbo
Henley, Dann, Hanley, Givet,
Vukcevic, Etuhu, Murphy, Olsson
Rochina
Rhodes
Kampen startar i alle fall kl. 20.45. Du skrur på radioen og eg seier Up the Rovers!
Du må være innlogget for å svare