Kamptråd: Ipswich Town - Blackburn Rovers
Opprettet 8/17/2012 10:30:41 AM
Sist oppdatert 8/17/2012 10:30:41 AM
Ny sesong
2012/2013 – velkomen til Championship. Det er ingen ting gale med nest øvste nivå i England. Mange nedlatande folk vil kanskje til og med meine at Blackburn Rovers høyrer heime ein stad her. Me andre veit sjølvsagt betre, for med botnsolid styring frå JW og familieverdiar som fekk KrF til å arrangere studieturar til East Lancashire, var Rovers å rekne med i det beste selskapet. Fokuset må sjølvsagt vere på opprykk og bak kulissane lyt ein sjå å få re-vitalisert dei ti boda. Du skal ikkje lyge! Du skal ikkje fyllekøyre! Du skal ikkje forsake (cupen)! Du skal ikkje tape!
Særleg fint var det heller ikkje å kome med nedlatande offentlege kommentarar om ein av dei mest lojale spelarane, men dessverre synast det som om den flygande malaysiar er vårt einaste håp om dagen. At Steve Kean kjenner på presset er tydeleg. Og orsakinga for den dårleg seriestarten har han allereie fått. I fjor var det fansen, i år blir det fansen og herr Shabby.

Men alt er ikkje like svart. Sett vekk frå det sedvanlege engasjementet for å gjere Rovers til eit minilandslag – i fjor kom dei over Balkanfjella, medan dei i år vart henta frå ei hamn i Lisboa – har me faktisk kjøpt smart, klokt, godt etc. (!) Danny Murphy, Dickson Etuhu og Leon Best er betre enn kva svartsinna vestlendingar spådde. Det er sjølvsagt hjarteskjerande at Best mistar brorparten av sesongen! Kanskje har dei så pass masse fotball i seg desse ny-innkjøpte, slik at same kva idiotiske ordrar dei får så går det likevel bra.
Traktor
Dei kjem i alle storleikar og fargar. Om motstandarlaget har styrken til ein Ford eller sjarmen til ein New Holland er ikkje visst, men fargen deler dei i alle fall. Under leiing av Paul Jewell har Ipswich vore kurante. Satsinga til klubben då Roy Keane var sjef bar aldri frukter og Jewell kom inn i januar 2011. Sesongen som var fortona seg rotete og femtande-plassen var skuffande. Laget er likevel ikkje så ille, så det er vanskeleg å spå korleis det no vil gå.

På keeperplassen kjem nok Scott Loach til å stå. Loach hadde si ungdomstid i Ipswich, men har spelt for Watford i mange sesongar. I sommar returnerte han og vert nok passe solid. Han har landskampar for England U21, men kven har ikkje det?
I fjor vart venstrebacken Aaron Creswell kåra til årets spelar og resten av forsvaret skal også vere godt. Tommy Smith er ein lovande midtstoppar og kan nyte godt av å spele ved sidan av nyleg signerte Luke Chambers. Chambers har vore sentral i Nottingham Forest i fleire år og synast å vere eit stykke god handel. Høgrebacken Carlos Edwards hugsar du kanskje frå Trindad og Tobago i VM i 2006? Kva har han felles med Chris Samba? Svar: Luton!
Midtbana synast å vere litt svakare. Grant Leadbitter gjorde sine saker veldig bra i 2011/12 og vart dermed snappa opp av Middlesbrough. Ex-Gunner Jay Emmanuel-Thomas kan nok finne på eitt og anna, men elles er det mange nokså anonyme spelarar. På topp på laurdag finn du garantert Michael Chopra. I Championship-målestokk er han ein toppspiss. Bak han ligg Jason Scotland og Nathan Ellington. Dei held også eit greitt nivå, men Chopra er mannen ein lyt passe seg for.
Kean sine arme riddarar
Det skulle vere godt nok til direkte opprykk det laget som rykte ned før sommaren. Hoilett ville aldri vere med ned, Yakubu ville springe etter høner andre stadar og franskmannen med dei lange armane kjem aldri til å spele for Kean att. I skrivande stund er likevel Martin Olsson (for tida skada), Gael Givet og Paul Robinson i stallen. Hanley og Lowe spelte på seg erfaring og bør takle Championship fint. Dann får sjansen til å vise at han ikkje er ein (Petro)vits og til og med Marcus Olsson kan «hit the ground running» på dette nivået.

Murphy og Etuhu vil løfte laget, ja mange vil til og med seie at dei er akkurat kva me treng. Murphy sitt overblikk og kreative spel para med taklingstyrken og kondisen til Etuhu kan verte ein hit. Hit, men ikkje lenger står det likevel i fare for å bli. Kva snakkar eg om? Jo, med Leon Best ute må nemleg Nuno Gomes bli nokre år yngre og David «alltid på feil stad» a.k.a.«er han så treig?» a.k.a «mr. barslagsmål» Goodwillie bli mange lysår betre. Kazim-Richards kan jo sjølvsagt vise seg å vere den bortkomne sonen. Han har i alle fall leika seg med brasilianske multikunstnarar i si tid i utlandets sus og dus, noko som har gjeve han ein eminent teknikk. I can’t wait! Rhodes Rhodes til fiskeskjer.
Troppen er denne: Robinson, Kean, Orr, Givet, Dann, Henley, Hanley, Ribeiro, Lowe, Fabio Nunes, Dunn, Formica, Petrovic, Pedersen, Murphy, Marcus Olsson, Paulo Jorge, Etuhu, Vukcevic, Edinho, Nuno Gomes, Goodwillie, Kazim-Richards.
Steve Kean gjev alle spelarane ein nummerert ball, puttar så desse ballane i Lotto-maskina og håpar på elleve rette. Om du ikkje får ein telefon frå Hamar seinare på kvelden, er du som roversfan i det minste sikra deltaking i Joker Nord!
Kampstart er 18. august, kl. 16.00. Stadion er Portman Road . Resultatet burde bli 2-1 til Rovers.
God sesongstart!
Du må være innlogget for å svare