Sv: Sv: Sv: Sv: Sv:
Opprettet 2/12/2012 1:53:48 PM
Sist oppdatert 2/12/2012 1:53:48 PM
Eg trur vi held oss. Mogleg eg er håplaus naiv og positiv eg også, men om vi kikar litt på våre resterande kampar, så er det ikkje usannsynleg. Tek ein med i berekningane at laga rundt oss heller ikkje kjem til å ta ein haug med poeng, så bør det halde heile vegen inn.
Det er delte meiningar om kvaliteten på spelet vårt den siste tida, men samanlikna med første halvdel har det vore eit par oppløftande kampar. Unitedkampen, sigeren over Fulham, det svært skuffande tapet mot Newcastle, poeng borte mot Everton på ein dårleg dag, og eg meinar også vi hadde fortjent poeng mot Stoke. Arsenalkampen var derimot begredelig.
Ser ein lenger tilbake enn årets sesong, er Blackburn eit heimelag. Vi har alltid slete på bortebane. I år er dette ikkje like tydeleg, men heilt historielause kan vi ikkje være. Om ein vidare ser på våre gjenværande heimekampar; Villa, Sunderland, United, L`pool, Norwich og Wigan, så er det store moglegheiter for ein del poeng der. Med unntak av united, så er kanskje Norwich og L´pool dei vanskeligaste. Men at vi tek poeng mot minst eit av desse to laga er ikkje ei umogleg oppgåve. Resten av heimekampane bør vi vinne.
Borte står fleire "lette" motstandarar att. Wolwes, WBA, Bolton og Swansea.. Med unntak av Swansea så er dette 6-poengskampar, og vinn vi desse, er mykje gjort. I tillegg møter vi City, Tottenham og Chelsea borte. Tvilar på dei bringer oss mykje glede. Det skal likevel leggast til at vi har tatt poeng mot fleire "storlag" denne sesongen.
Eg trur vi bikkar 38 poeng. Spørsmålet er om det er nok til å halde seg. For å klare 38 poeng treng vi 1,31 poeng per kamp. Sesongen under eitt har gitt oss 0,84 per kamp. Om vi då ser på denne sisteperioden, f.o.m. Liverpool i romjula, t.o.m. kampen mot QPR i går har vi 1,375 på 8 kampar..
Eg prøvar ikkje å seie at alt er rosenraudt, tvert imot, alt er jævligt. Det er likevel eit realistisk håp om Premier League-spel neste sesong også.
Du må være innlogget for å svare