Cupfinale
Opprettet 12/3/2011 12:32:32 PM
Sist oppdatert 12/3/2011 12:33:30 PM
Cuptriumf?
Før sesongen starta gjekk Barry Balaji White ut og lova cuptriumf. Vi fortente nemelg å vinne ein cup. Heldigvis ofra vi kampen mot Cardiff slik at vi skulle ha friske bein til helgas kamp, cupfinalen mot Swansea. Kean har planen, Venkys applauderar, men korleis går møtet med Svanesjøen. Er Kean den stygge andungen som i kveld slår ut i full blomst? Eller har han kanskje ei mørk, mørk side?
Det ryktast at Kean har teke spelarane med på ballettframsyning denne veka. Andre vil ha det til at det enda med ein heime-aleine-fest hjå Jason Roberts. Natalie Portman på Blu-ray?
Liv laga?
Det er ikkje nødvending å påpeike stort meir enn at vi har vore elendige i år. I ei kort periode viste vi takter til lovande offensivt spel, men dessverre med den følgje at det var så store strekk i laget - så store opne rom - at Keiko ville hatt fine forhold å boltre seg på. Men Kean visste råd, "We we're a bit open sometimes", kunne han konstatere. Medisinen? Be spelarane om å vere så statiske som det er mogleg å bli. Biverkning? Vi blir enda verre.
På staden kvil!
Men vinne mot Swansea det lyt vi. Eit tap heime i dag og vi er så godt som ferdige. Den siste rest av sjølvtillit vert pressa ut av sitrona som går under namnet "spiritedness and togetherness in the gruuuup".
Swansea?
Heldigvis for oss er Swansea eit elendig bortelag. Dei har følgjande fine merittar å vise til:
*Det dårlegaste bortelaget i serien. Berre to poeng har det blitt så langt.
*Det er 270 minutt sidan dei sist scora eit mål i Premier League. I sju av tretten kampar har dei gått mållause av bana.
*Har ikkje vunne nokon av dei tre siste kampane.
Men dårlege er Swansea likevel ikkje. Med eit lag sånn nokonlunde ribba for kjende namn har dei tidvis vore gode og skaffa seg ein mengde poeng Kean berre kan sikle vått etter. Scott Sinclair er jo spelaren alle nemner, men etter å ha sett avslutningsevnene hans mot United kan ein nok slå fast at det kun er på straffe han kan score. Og med Steven-med-armane aka Nzonzi ute med karantene slepp vi kanskje å få straffe imot. På den andre sida er det vel ein viss fare for at Dunn er med, og då kan det bli baluba lell.
Straffetakar Sinclair. Unngå dette.
Og lat meg berre legge til. Den defensive jobbinga til Swansea har tidvis vore briljant og kombinert med den levande veggen ved namn Vorm i mål har dette resultert i seks Clean Sheets. Clean Sheets seier du; "atte hva varre det var for noe 'a?" Seksten kampar på rappen utan denne bragda for Steve Keans gutar. Det er kriminelt.
Lagoppstilling Swansea?
Superspissen Danny Graham slit med akillesen og er dermed usikker. Forsvarspoeten Angel Rangel er ute med skade. To spelarar som har vore faste og gode for Swansea denne sesongen. Eit pluss for oss.
Dermed så blir det kanskje slik:
Vorm
Richards-Williams-Monk-Taylor
Britton-Gower-Dyer-Allen-Sinclair
Lita
Rovers?
Det er ikkje lett å seie korleis Rovers burde spele. Det går liksom ikkje så bra for tida. Løpssterke midtbanespelarar ville ha vore fint. Men då storkjøpet Petrovic vart bytta ut mot Cardiff braut RadioRovers kommentatoren ut i spotsk latter. Kvar vekk Petrovic energien ifrå? Han spurta jo av bana. Men under kampen hadde han stått i ro i 65 minutt. Steven Nzonzi er ute med karantene og alle såg vi korleis David Dunn oppførte seg sist han fekk sjansen. Simon Vukcevic har tydlegvis blitt henta inn som benkevarmar. Med Jones, Emerton, Andrews og Diouf vekke frå stallen er vi svekka. Enormt (og det er nesten eit paradoks!)
Elles ville det vere fint om vingane kunne gjere ein defensiv jobb også. Det kunne vere Kean si oppgåve å instruere dei om dette, men kva veit vel eg. Lat dei proffe arbeide etter sine metodar. Samba og Olsson er attende. Salagdo også. Dei to første blir ei forsterking. Vi treng Lowe både i midten og på backen.
Robinson
Salgado-Samba-Dann-Givet
Hoilett-Gamst-Lowe-Olsson
Rochina
Yakubu
Lukke til!
Du må være innlogget for å svare