Norwich - Rovers 29.10 kl 16:00.
Opprettet 10/28/2011 7:29:12 PM
Sist oppdatert 10/28/2011 7:29:59 PM
Vi skriv snart 1. november og Rovers ligg framleis trygt
planta på botnen av tabellen. Det er ingen grunn til å ikkje støtte laget i
motgang, snarare tvert imot. Det triste er berre at mange opplever at klubben
ikkje lenger er det den var, ikkje på godt og vondt, berre på vondt. Steve Kean
og Venky’s opererer i det som må vere eit parallelt univers, for i samtlege
intervju snakkar Kean til Venky’s og Venky’s til Kean. How high is the water mama? Five feet
high and rising. Dersom Kean blir, men resultata uteblir støyter Venky’s alle
vekk. Og resultata kan ikkje utebli. Rovers treng tre poeng på laurdag elles er
vi nesten hekta av i kampen om å komme høgare på tabellen enn Norwich.
Rovers under Steve “I want a clean sheet
mentality” Kean
Statistikkar har paradoksalt nok vorte Steve Kean sin
geskjeft. Eg gidd ikkje å hoste nokon fleire. Ok, ein då. I kor mange PL-kampar
under Kean har Rovers gått av bana utan å sleppe inn mål? Frå djupt ned i levra
hostar eg fem host. Og sidan quiz på fredagskvelden trumfar det meste (både å
vere invitert til fest på slottet og gjest hjå Skavlan) spør eg vidare: kva
hadde Mark Hughes og Sam Allardyce til felles? Jo, dette mottoet: “Sort out your defence
first, and then build on that”. Har Kean fatta det no? 1 poeng. Er Kean
kapabel til å fikse det? Don’t count on it. Er det å tilsetje Nigel Winterburn
løysinga? Vel vi har då allereie Dennis i klubben. Dennis Irwin kan skjøne!
Avansement i cupen
Gamst sa det så treffande på bloggen sin: Hell Yeah! På den
norske versjonen (hald for augene om du er under 3 år og les dette!): Ja Faen.
Sterke ord. Men å vinne ein kamp er ikkje kvardagskost. Under kampen fekk Radio
Rovers det til å høyre ut som om at vi var enormt gode. Når ein ser på høgdepunkt
frå kampen så kan ein vel i det minste seie at vi hadde flaks som ikkje hadde
slept inn to mål til pause. Ser ein på BBC sin kampstatistikk så hadde
Newcastle 70% ballinnehav. Eg trur det eigentleg ikkje, men likevel. Kor var
eg? Jo, Hell Yeah! Det er ikkje mange heltar att på Ewood (Tugay, kom
tilbake!), men noko av det næraste du kjem må vere Gael Givet!

Skjeggvekst: 3 cm om dagen
Den ikkje alltid
velkledde franskmannen burde eigentleg vere fly forbanna på Kean for gjennomgåande
ubalanse i laget og dermed at backen vert ein ekstremt sårbar posisjon å spele
i (ok, det hjelp heller ikkje på at farten ikkje er på topp). Kanskje er det
den solide hårveksten som gjer at Gael tek det som ein mann? Han kan i alle
fall feire, og frå stopparplass er han rock solid! Oppturen mot Newcastle bør
ha gitt ein viss vitamininnsprøyting i troppen, la oss håpe at det får positive
konsekvensar. Eg gidd ikkje nemne at det kan ha kosta ganske mange krefter å
spele i 120 min.
Paul Lambert
Sidan ikkje alt er like rosenraudt om dagen så passar det jo
fint med ei triveleg og oppbyggeleg suksesshistorie? I motsetning den norske
varianten av kanariar har den engelske dei siste sesongane hatt ein manager dei
forgudar! Paul Lambert er namnet. Han deler nasjonalitet med Kean, men er to år
yngre. Han har gått den einaste rette vegen, nemleg gå sine læreår i lågare
divisjonar, men i motsetning til andre som vert headhunta til jobbar høgre opp
i ligasystemet, tok han saken i eigne hender. Potensialet var nok tydeleg då
han som manager for League Two–laget Wycombe Wanderers tok dei til semifinalen
i Ligacupen. Wycombe hadde aldri kome forbi andre runde før.

Lambert and Hoolahan goes hula-hula. Surfs Up!
Han skifta klubb
til Colchester og slo Norwich 7-1 i den første kampen i League One i 2009. Kontroversar
oppstod, men han må ha sett noko i laget han knuste, for då han trekte seg frå
jobben som Wycombesjef ikkje lenge etterpå, tok han over Norwich (som hadde
tapt 7-1 nok ein gang, no for Colchester). Og han tok dei over på alvor og rykte
opp til Championship same sesong. Sesongen etterpå rykte han opp frå
Championship og her er Norwich. På plass nr. 8 etter 9 spelte kampar av Premier
League sesongen 2011/2012. Well done lad! Norwichfansen framhevar at Lambert
får det beste ut av kvar enkelt spelar, at han har etablert ein solid defensiv
struktur i laget miksa med kreative spelarar og gjer kloke taktiske val
undervegs i kampane. Hummar eller kanari? Kanari tydelegvis!

John Ruddy står i mål, keeperkollega Rudd sit på benken.
Norwich stiller med
dette laget:
Ruddy
Naugthon – Barnett – Martin – Tierney
Bennett – Fox – Johnson – Pilkington
Hoolahan – Holt
Spelaren ein må sjå opp for er
Anthony Pilkington. Kreativ og målfarleg. Fødd i Blackburn. Spelar på feil lag.
Salga…ehh…Lowe, watch out!
Blackburn stiller med dette laget:
Robinson
Lowe – Samba – Dann - Givet
Hoilett – N’Zonzi – Gamst – Olsson
Rochina – Yakubu
For ute med skade er framleis Dunn, Nelsen, Grella og mest truleg Salgado.
Stiller Kean opp med
meir enn tidlegare blir dette tre poeng! Du finn det ut ved å sjå kampen som startar kl 16.00 laurdag.
Up the Rovers!
Du må være innlogget for å svare