Opprettet 7/21/2011 10:04:18 AM
Sist oppdatert 7/21/2011 10:04:18 AM
Ang. diskusjon om pessimisme og optimisme, i overgangsrykte-tråden, er det rom for begge deler. Eg var ein stor optimisti starten, og ja eg veit at det stort sett er rykter det er snakk om, men slik det har utvikla seg er det skadelig for ein blodhjarta supportar å ikkje få utløp for litt av kjenslene som har bygd seg opp. Som engasjert supporter prøver eg å få med meg det eg kan av nyheter om laget mitt, og når det utviklar seg slik som det har gjort er det eit stort behov for å få det ut. Spesielt når ein er omgitt av untied supporterar (spesielt etter at Jones drog dit - som eg etter kvart har fått full forståelse for at drog). For ærlig talt er det ikkje til å koste under ein stol at vi har mysta mange særs viktige folk i administrasjonen, samt spelarar og kanskje snart viktigast av alt - vårt gode rykte. Slik det ser ut no, og ja eg veit framleis at det er rykter, er vi svekka etter at Venkys tok over. Rykter er det vi har å forhalda oss til enn så lenge vore eigarar ikkje uttaler seg stort. Skal ein berre sitje å vente til 1.september for så å uttale seg? Eg engasjerer meg, og det er med glede at eg ser at det er fleire av oss. Både Moutinho og andre. Eg beundrar optimisimen til einskilde, men forstår veldig godt pessimismen til andre. Vi bør halda oss for gode til å kaste drit og den slags. Vi er trass alt på same lag, eller prøver i å kopiere Le Saux og David Battys famøse optreden her for nokre år tilbake:)
Viktigast av alt, og som nokon andre påpeika i ein eller anna tråd, er at når sesongen sparkes i gang, bryr eg meg til dels katten i kven som er på laget vårt, kven som er manager og kven som eig oss. Då skal eg skråle av full hals, banne, rose, svette og kanskje felle nokre tårer igjen. Det er drakta, namnet, historien, notid og framtid, samt vårt hjarte (les; rosa og \"Arte et labore\" eg held med. Kven som går ut på banen kan nesten vere det same, men sjølvsagt ynskjer eg dei beste spelararne vi kan få til klubben vår. Eg er ikkje så naiv at eg trur vi kan hente den eine verdsstjerna etter den andre, men det er definitivt lov til å drøyme litt, og kanskje spesielt når ein går ut med namn og lister over spelarar som eg tidlegare ikkje våga å drøyme om skulle kunne vere aktuelle for klubben vår (Les; Vucinic, Witsel osb). Så lenge dei som går på banen blør for drakta, og er stolte over å representera Blackburn Rovers F.C. har dei mi fulle støtte, men fram til det skal eg framleis la meg sjølv få utløp for alle kjenslene, både på godt og vondt, trass i at det er rykter eg i utgangspunktet baserer meg på. Det er no ein gong det vi har å forhalde oss til no i desse dagar.
Vi har alle rett i forhold til vårt eige syn. Ha respekt for det. Ingen skal komme her å sei at eg skal vere evig optimist mtp alt som har hendt. Trass mange negative rykter er det faktisk mange negative ting som faktisk har hendt, inkludert ryktene som er med på å skada oss.
No kryssar eg fingrane for at det kjem ein god nyhet frå Ewood, eller India, eller kor enn i verda Kean og folket befinner seg. Eg fyller gjerne ryggen på neste års drakt med \"Raul\" :)
Du må være innlogget for å svare