Manglar enno litt
Opprettet 8/14/2011 2:17:03 PM
Sist oppdatert 8/14/2011 2:19:04 PM
No er det på tide å få litt fortgang i sakene her ;)
Er mange som har vore medlemar dei føregåande sesongane som enno ikkje har meldt seg inn for ein ny sesong.
Det er også framleis mange forumsbrukarar som enno ikkje har teke skritte heilt ut og meldt seg inn, vi ventar på deg! ;)
Om det ikkje har vore attraktivt å vere medlem før, så burde det absolutt vere det no - med heilt ny nettside og eit meir brukarvennleg forum inkludert. har sett at det har kome til både nye medlemar og brukarar siste vekene, og det er supert - no ventar vi berre på deg som enno ikkje har fått den berømte fingeren ut av den berømte ræva ;)
Eg vil kome til å gje beskjed til venner av meg som er Rovers supporterar om å melde seg inn, pronto. Satsar på at mange av dykk vil gjere det same :)
BRSCN har eit mål om å nå 302 betalande medlemer i år, lat oss gjere målet til skamme og bli enda fleire!
Edit: Eg er medlem sjølv, det ser berre ikkje slik ut ;) ikkje vet eg kvifor logoen min dett vekk heile tida.
Du må være innlogget for å svare