Opprettet 5/24/2011 6:37:30 PM
Sist oppdatert 5/24/2011 6:37:30 PM
Som så mange andre påpeiker, bør vi fyrst og fremst setje alle klutar til for å behalde nokre av dei vi har i stallen i dag. Om ikkje må vi bruka unødvendig tid på å erstatte desse. Ein ond sirkel. Om vi beheld Samba, Jones, J.Jones og Junior er vi godt på veg mot å ta steg i rett retning. Ser det kan bli vanskeleg å behalde Samba, men om det satses skikkeleg er han kanskje i framand for tanken på å ta eit år til. Jermaine Jones hadde det vore gull å fått på ein fast kontrakt. Han har rett og slett imponert meg stort. Angåande P.Jones trur eg han kjem til å bli verande så sant det ikkje dukkar opp eit bud som klubben ikkje kan sei nei til.
Spelarar vi bør vurdere å takke for god tjeneste er, etter mitt syn, Grella, Andrews, samt at vi kan vurdere Gamst og enten Roberts eller Benjani.
Eg må innrømma at eg faktisk framleis har trua på Santa Cruz trass i at han har prestert langt under par på den tida han har vore her. Dog, han vil spela for oss, og han har tidlegare bevist at han held mål og meir til. Om vi beheld han treng vi sårt noko kreativt som kan spela han opp. Difor har eg satt opp ein del ynskjer eg har for sumaren. Spelarar som eg synes, eller håpar kan vera aktuelle:
Nzogbia, Roger Johnson, W. Bridge, David Vaughan, Owen Hargreaves (pay as you play), Seb.Larsson, Daniel Sturridge, Wes Brown, D. Wellbeck, J. Defoe (mannen vil ha speletid, men dog, det er sikkert mange som er ute etter han om han skulle gå), D. Bentley, J. Zhirkov, J. Cole osb. Nokre av desse her er jo avhengige av at går ned i lønn, men eg har framleis trua på spelarar som Joe Cole osb.
I tillegg er det mange ynskjetenkingar som innebere C.Adam, S. Parker, Tiote og andre typar som Llorente osb. Mange av namna blir sikkert med draumen, men dog, det er silly season og då er det vel lov til å ha draumar:)
Konklusjonen er vel at eg håpar vi får inn, om vi beheld dei overnemnte, ein ny back, sentral midtbane, venstrekant og spiss. Vi har mange lovande unge som eg trur vil ta enda større steg til neste år. Med folk som P. Jones, Junior, Hanley, Rochina, Olsson og forhåpentligvis Formica kan det her bli veldig bra med nokre få solide forsterkningar. Eg gledar meg:)
Du må være innlogget for å svare