Rovers tapte også siste seriekamp

Publisert 5/13/2012 av

Kean framhevar Kean, ungt lag og godt spel.

Rovers tapte i dag 1-2 i siste kamp i årets Premier League, noko som gjer at dei vert ståande på 31 poeng etter 38 spelte kampar.

Chelsea sine mål kom i første omgang ved Terry og Meireles og dei blåe frå London hadde fleire store sjansar før pause. Etter at laga hadde skifta banehalvdel fekk Rovers inn eit trøystemål som vart tilskrive Yakubu og dermed fekk nigerianaren 18 målkjenningar i 2011/2012.

Etter kampen framheva Steve Kean mange positive ting frå dagen til Lancashire Telegraph.

-Jake Kean gjorde ein veldig god debut, eg er glad på hans vegne og dette lovar berre godt for framtida.

Den unge målvakta fekk sjansen fordi Robinson og Bunn etter rapportane skal vere skada. Også resten av laget var ungt, framhevar Kean.

-I andre omgang var snittalderen 22 år og eg fortalde til guttane i pausa at det alltid er noko å spele for. Eg tykte vi var uheldige som ikkje klarte uavgjort.

-Eg føler at vi hadde masse godt spel. Vi held fokus oppe og presterte godt.