Blackburn kjempa seg til ein sterk siger borte mot Fulham sist, og dermed ligge dei fint til like bak play-off. Den dagen Blackburn klare å sette saman ei rekke med gode kampar så kan dei fort blande seg inn i toppen. Men det er litt for store svingingar no, og dermed er det ikkje lett å vete kva som skjer i neste kamp. Sist heimekamp mot Derby viste akkurat dette, då dei rota bort poeng etter dårleg forsvarsspel. Då hjelp det lite at Gestede og Rhodes skårar i annakvar kamp. Luke Steele fikk sin debut i mål for Blackburn sist, og gjorde sine saker glimrande. Det blir spennande å sjå om han klare å halde Paul Robinson ute når han er tilbake. Shane Duffy var også ein som fikk sjansen sist, og hans prestasjon gjorde også sitt til at man kanskje kan forvente mindre trøbbel i forsvar i tida framover. Perioden framover vil nok i stor grad avgjere korleis denne sesongen vil utarte seg for Blackburn.
Blackburns siste kamper:
Fulham – Blackburn 0-1 (Rhodes)
Blackburn – Derby 2-3 (Marshall, Gestede)
Blackburn – Wigan 3-1 (Marshall x2, Rhodes)
Wolves – Blackburn 3-1 (Rhodes)
Blackburn – Bournemouth 3-2 (Gestede, Hanley, Rhodes)
Norwich City – Blackburn Rovers 3-1 (Cairney)
Watford skuffa stort forrige helg når dei tok imot Bournemouth. Til tross for at dei fikk med seg eit poeng, så vart dei til tider utspelt på Vicarage Road. Det var ikkje det man forventa av eit Watford som har storspelt på heimebane til no i år. Troy Deeney sin skade er heller ikkje noko som gjer situasjonen lysare for Watford, og det blir spennande å sjå korleis dei skal klare seg utan han. Matej Vydra er enda ikkje der han var for to år sidan, når han bøtta inn mål for Watford. På bortebane har Watford vore veldig ustabile, og dei har hatt problem med forsvarsspelet, noko som igjen kan bli problematisk når man ser på kven som ventar. Også Watford står framfor nokre viktige veker.
Watfords siste kampar:
Watford – Bournemouth 1-1 (Cathcart)
Blackpool – Watford 0-1 (Vydra)
Charlton – Watford 1-0
Watford – Huddersfield 4-2 (Abdi x2, Andrews, Deeney)
Watford – Doncaster 1-2 (Dyer)
Watford – Leeds 4-1 (Forestieri x2, Toszer, Deeney)
Rotherham – Watford 0-2 (Dyer, Munari)
Vurdering:
Ein veldig open kamp dette også. Heimelaget variera frå kamp til kamp, men det gjer også gjestane. Blackburn er normalt gode på heimebane, og Watford normalt litt dårlegare borte, så det er vanskeleg å sjå bort i frå ein heimesiger. Om Blackburn får eit tidleg mål, så kan Watford få det tøft, men om det blir stanging, så kan fort kontringsstyrken til Watford bli vanskeleg for Blackburn å stoppe. Eg trur det blir mange mål og spenning til siste slutt.
Tips: H
Oppløftende at Championship Norge tror på hjemmeseier her. Det gjør naturligvis BRSCN også. God kamp i morgen! Sjekk hjemmesiden til Championship Norge her: www.championshipnorge.no
Up the Rovers!