Opprettet 4/8/2006 6:56:56 PM
Sist oppdatert 4/8/2006 6:56:56 PM
I dag var ein spelar god, Craig Bellamy. Slik vi spelar for tida, er vi avhengige av at han skal gjere ekstraordinære ting for at vi skal få mål.
Forsvaret var krise i dag, spesielt i første omgang, me nnesten like dårlig i andre. Lav odds på at Todd spelar neste kamp. Lua Lua sitt mål er for så vidt ein god prestasjon, men burde likefullt vore unngått. Ein spelar skal ikkje få spasere forbi to spelar på 16-metersstreken... Generelt låg forsvaret feil og svært mange av "klareringane" hamna i rommet framfor 16-meteren.
Den sentrale midtbanen skuffa stort i dag, Savage og Reid var dårlege både defensivt og (ikkje så overraskande) offensivt. Utan Tugay klarer vi ikkje å halde på ballne og skape sjansar, i dag hadde vi strengt tatt ein halvsjanse (Bellamy sitt andre) Gang på gang fekk pompey etablere seg høgt opp på vår halvdel, utruleg frustrerande å sjå på.
Det er trist at Paul Dickov får ny kontrakt. I dag mangla han innsatsen, og når han er ein så dårleg fotballspelar som han er, blir det ikkje mykje igjen.... Fattar ikkje kvifor han ikkje gjekk av etter pause. Han klarte ein ting, nemleg å prate/krangle på seg eit gult kort. Gratulerer.
Bentley og Gamst utretta niks i dag, veldig skuffande mot nokså ordinære motspelarar. Eg føler at begge desse er veldig avhengige av at laget spelar bra; dei er sjeldan spelarane som hevar oss på dårlege dagar.
Tippar at Champions League-sjansane er borte no, vi er fire poeng bak Spurs igjen, i tillegg er Arsenal i storform. Men UEFA-cup bør vi vel klare?
Du må være innlogget for å svare