Opprettet 12/2/2005 10:38:42 PM
Sist oppdatert 12/2/2005 10:38:42 PM
Las ein interessant artikkel i nyaste FotballMag om "kampen" om Wayne Rooney. Agenten Paul Stretford er ein sentral aktør i denne. I artikkelen vert det sagt at Graeme Souness er ein av mange i PL som har samarbeida tett med Stretford, bl.a gjennom eigarinteresser i selskapet hans. Overgangen til Andy Cole for £8M vert brukt som eksempel på overgangar der både spelaren og kjøparen (manageren) er tilknytta Stretford.
Eg kom til å tenke på om dette kan vere ein av årsakene til fleire Souness-kjøp? Ikkje for å setje ut falske rykte eller mistenke Souness, men han kjøpte mange spelarar og mange av desse kjøpa kunne verke merkelege.
John Gregory er eit anna eksempel, han kjøpte til dømes Stretford-spelarane Steve Watson, Alan Thompson og Steve Stone til Villa, spelarar som ikkje var spesielt gode i Villa- drakta. Gregory fekk etter seiande òg sparken på grunn av sitt tette forhold til Stretford
Souness var òg på eit tidspunkt, (i vår første Pl-sesong etter opprykket?) interessert i Stone, som på ingen måte var nokon spesielt god lenger.
Dette kan sjølvsagt verke veldig spekulativt og urettferdig mot Souness, men det kunne vere interessant å høyre om det andre som veit meir om dette.
Du må være innlogget for å svare