Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: TV-kamp: Blackburn Rovers v Leicester City
Opprettet 10/1/2023 3:23:17 PM
Sist oppdatert 10/1/2023 4:10:59 PM
Kvaliteten på spelarane vi har er jo eigentleg veldig bra, men det sviktar på det taktiske. Og her må både JDT og spelarane dele skulda. Det er mykje bra med JDT sin filosofi, men det er frykteleg naivt. Fullsendig galskap å operere som vi gjer bakover. Og det ser ikkje ut til at vi evner å gjere grep. Er det ein kamp vi skulle hatt betre struktur bakover i, så er det mot det beste laget - som vi kanskje møtte i dag.
Heilt greit at Leicester skal vinne over oss, og gjer det, men det behøver ikkje ende sånn som det gjer. Enormt skuffa over måten vi gjennomfører NOK ein kamp på. Ok 1. omgang, men fullsendig ubrukeleg 2. omgang. Vi får tru det kjem seg utover sesongen, men det er litt "my way or the highway"- preg over det heile.
Du må være innlogget for å svare