Diouf: - Gje Kean sparken eller rykk ned

Publisert 11/28/2011 av

El Hadji Diouf med klar beskjed til Venkys

Den tidlegare Blackburn vingen er særs overraska over at Steve Kean framleis sitt trygt i jobben som manager for Blackburn Rovers, som fortida er å finne trygt forankra blant dei 3 siste laga i divisjonen. 

- Eg føler verkeleg synd i Rovers fansen, seier Diouf.

Kean gav Dioufy sparken i September, etter ei rekkje episode dei i mellom, og gjorde med det slutt på hans toårige opphald på Ewood Park.

Diouf har no slutta seg til Doncaster, som slit i botnen av Championship og han er sjokkert over at Kean enno ikkje har fått sparken. Tapet mot Stoke i helga var det åttande på tretten kampar denne sesongen, og vegen opp til trygg plass blir berre lengre og lengre.

På tross av dette vart Kean i førre veke belønna med ny og forbetra kontrakt og Diouf fryktar det verste for sin gamle klubb om ikkje eigarane Venkys tek til fornuft og sparkar Steve Kean.

- Alle veit at Rovers ikkje har eit sterkt nok lag til å halde seg opp.

- Det er ikkje det same laget som var der for eit år sidan under ledelse av Sam Allardyce.

- Kven som helst andre med laget i den posisjonen ville ha fått fyken.

- Alle var overraska over at Sam fekk sparken, og alle er overraskar over at Kean framleis sitt i jobben.

- Rovers vil gå ned om ikkje eigarane snart gjer noko.

- Eg ser fansen grine på TV kvar veke, ingen fortjener det som skjer
.