Dansk media set fokus på John Jensen

Publisert 11/26/2011 av

Stiller spørsmål omkring Faxe sin avgang.

Då John 'Faxe' Jensen måtte gå frå stillinga si tidlegare denne sesongen var det mange som vart overraska. I tida etterpå kom det aldri nokon djupare forklaring på kvifor dette skjedde. No er det fleire som rapporterar om at Jensen vart gjort til ein syndebukk av Steve Kean, og at Kean endåtil gjekk så langt som å forfatte eit brev til Venky's som la skulda for dei dårlege resultata på Faxe si kappe.

Dette er sjølvsagt langt frå å vere stadfesta i form av at prov har blitt gjort tilgjengelege, men dansk fjernsyn har den siste tida sett fokus på saka gjennom reportasjer og intervju, og saka er av interesse for dei som følgjer Rovers tett. 

Her kan du sjå innslaget frå kanalen 6eren.

Same kanal intervjua om Faxe der han kunne fortelje at heile situasjonen var ubehageleg, samt at han aldri heller fekk nokon forklaring på kvifor han måtte gå.

Dette intervjuet kan du sjå ved å klikke på denne lenka.