Kva skal ein seie? Ny kamp, nye sjansar? The Yak is back, så kanskje kan vi score eit mål eller to også? Alle veit at det hastar, siste mann med i klubben er Steve Kean. Sjølv mr. tinkerman synast å fatte at om vi ligg under streken når sesongen er over så rykker vi ned (false position eller ei). Så Operasjon Overlev er sett i verk; vi har henta Olsson mk2 og Bradley ehh…Orr og tapt 7-1 mot Arsenal. Det luktar verken fugl eller fisk, Kean seier Samba er skada og eg ropar ulv, ulv. Sjølv den med sosial intelligens på stadiet til Saga Norén skjønar at det er ugler i mosen, det beste ville vere om Kean kunne tyste på Venky’s og bli outsourca til Lillehammer.
Sparkle Fairy?
Motstandaren i morgon er Queens Park Rangers. Slumrotta Warnock fekk sparken og MarkySpark kom inn. Noko seier meg at det var sabla bra for parkvaktene og sabla dårleg for oss. Før eller seinare (og mest truleg før sesongen er over) fattar spelarane korleis Hughes vil at dei skal spele og det skaffar dei poenga som gjer at dei overlever i Premier League. Vårt håp må vere at poengfangsten kjem etter at dei har møtt oss. Det fordrar på si side at våre menn møter opp på jobb. Ingen bad day at the office, ikkje noko tull og full innsats. Hårde bud.

Det er mogleg at nokon synes vi spelar bra fotball under Kean. Dei om det. Frå ein previewskribent sitt perspektiv er det derimot umogleg å hevde noko sånt. Ikkje nok med at det er på god veg til å føre oss ein divisjon ned, den schizofrene prøve-og-feile-greia gjer at eg har null kjensle av korleis vi kjem til å framstå i morgon. Kean skulle jo absolutt ha to mann på topp då han kom inn (den sikraste markøren på at ein bedriv fotballpopulisme!), men no som vi kanskje har to spissar som kanskje kunne fungere i lag, får vi sjå dei saman? Ein kan einaste stø seg til statistikken. Den fortel at vi med stort sannsyn slepp inn mål i morgon. Det er kjipt nok, men verre er det at vi berre har vunne 3 (og tapt 9) på heimebane i år. Det betyr at vi må feste vår lit til The Yak. Han har betre greie på målscoring enn dei fleste. Han er svolten!
Rovers XI?
Du trudde kanskje oksen stamma frå Grimstad, men alle har fatta at han kjem frå Nigeria. Yakubu er tilbake og det blir bra.

Jason Lowe er usikker, Chris Samba er framleis furten og Gale Givet er ein ekte krigar. To føtter er ingen hindring, men raudt kort gir tre kampar i karantene. Grant Hanley kjem inn og mest truleg er det Scott Dann som anten bestemmer seg for ikkje å takle mannen som scorar eller stikke ein fot ut slik at ballen endrar retning. Paul Merson har uttrykt si undring over at Dann (som han kjende frå tida i Walsall) faktisk har nådd høgste nivå i engelsk fotball. Eg uttrykkjer mi undring over det meste Merson føretek seg, men akkurat her har han kanskje eit poeng; gje meg Admiralen tilbake! Gje meg også desse (i mange på betre alternativ):
Robinson
Orr – Dann – Hanley – Olsson
Hoilett – Dunn – N’Zonzi – Gamst
Modeste – Yakubu
Cisse cuspendert
Stjernegalleriet til QPR blir litt mindre falmande i morgon, sidan mannen med dei mest elegante hårsveisane – mr. Djibril Cisse – er suspendert. Han fekk litt nok av ting å tok litt småkvelertak og slikt på ein motspelar. Så zuperduoen Zamora & Cisse blir ikkje å sjå på ei stund. Men kva gjer vel det? Jay Bothroyd har også ei stolt historie å vise til. Kven hugsar vel ikkje den elegant nedsparkinga av ein stakkars kanarifugl då han tok på seg ei blå og kvit drakt som er legendarisk mykje finare enn den han tek på seg i morgon? Hughes kan finne på å bruke:
Kenny
Ferdinand – Gabbidon – Onuoha – Taiwo
Taarabt – Derry –Barton – Wright-Phillips
Zamora – Bothroyd.
Vi håpar på eit heiltent Rovers som gjev alt for laget. Tre poeng er eit must. 3-2 etter ekte hat-trick av Yakubu i andre omgang! Du trur det ikkje før du får sjå det (i morgon, ja).